Hypnagogia

Ein del av Fabrikkert-utstillinga i 2014.

Som lita jenta vaks eg opp her i fabrikken. Og min barndoms hage bestod av harde materialer som metall og betong. I Hypnagogia har eg valgt å tilføra noko nytt. I barndomsfabrikken var det mykje rødt metall.  

Ulla er henta frå sauar på Osterøy, ull som bøndene ikkje får noko betalt for, ull som for Norsk ullstandard er verdilaus. Ei stempling som kan overførast til vårt liv. Kjolane er ei slags spegling av ullveggen, ei beskriving av noko i menneske som har stivna til på eit eller anna tidspunkt i livet, slik at ein gjerne vert gåande rundt i ein tilstand mellom søvn og våkenhet – hypnagogia. 

Ullveggen skriv seg bl.a frå eit barndomsminne om eit gedigent kar, like langt som veggen, filt med raudmaling, der eg gjekk å rørte og rørte og rørte… til alle raudnyansane dukka opp og den sterke lukta gjorde meg svevande, som å bli ført til ein annan stad/ein annan dimensjon. 

 

Posted in <a href="http://elsekarin.no/category/kunst/" rel="category tag">________</a>