Flabellina – Flytande kunstbadstu

Eit omfattande kunst­prosjekt i regi av OSTERØY KUNSTLAG.

Laget ynskte å tilføra lokalmiljøet kunst i form av ein installasjon som alle kunne bruka. Kunstnarane Wenche Kvalstad Eckhoff og Else Karin Tysse Bysheim inngjekk i 2019 eit samarbeid og lanserte idéen om ei kunst-badstove på ein flytande flyttbar flåte. Kunstnarane står ansvarleg for idé, design og utforming av arkitektur samt den kunstnariske utsmykkinga på både eksteriør og interiør. Målet var mellom anna å skapa ein installasjon, ein hybrid mellom kunst, arkitektur og ein bruksskulptur.

Ein møteplass til bruk heile året.

Utsmykkingsidè

I dei norske fjordane finn vi nokre av dei best verna løyndomane. Her finn vi mellom anna nakensniglen (nudibranchia), også kalla havets sommarfugl, eit av dei mest fascinerande vesenene som lever i havet. Dei er små med eit mangfold av fargar og formar. I mangel av eit beskyttande hus har dei utvikla andre teknikkar som forsvar, blandt anna giftige stoff frå tentaklane. Nokon av desse produserar sin eigen straum, og nokre har fluoriserande fargar når ein lyser på dei, der dei ligg som ein juvel på havets botn. Me har latt oss inspirera av havets løyndomar, det me enno ikkje veit, men med fokus på desse fargesprakande havdyra.

På badstova sine ytterveggar er utsmykkinga inspirert av sniglane sine intense fargar, visualisert med fleire hundre små «auger» i metall, lakkert i sterke fargar.

Badstova sine innerveggar har eit fabulerande formspråk med teikningar og tekst inspirert av sniglar, sjø og hav utført med svipenn, pyrografi. Som ein del av utsmykkinga inne inngår detaljar og deler frå eit teikneprosjekt med hav og sniglane som tema. Gjennomført med elevar i design­gruppa ved Osterøy Ungdomsskule mai 2020 og ein workshop med elevar frå Hosanger montessoriskule februar 2021.

Namnet på badstova

I 2021 utlyste me ein namnekonkurranse på FB. Det kom inn over 80 forslag! Valet falt på Gry Sypriansens forslag FLABELLINA, som er det originale namnet på ei gruppe nakensniglar. Ein fabulerande tittel, ein undrande tittel som også understrekar grunnidéen i utsmykkinga.

Prosess

Det har gjennom 2 år vore ein lang og omstendeleg prosess med mange involverte. Prosjektet har hatt stor støtte i lokalmiljøet, som har stilt opp med snikkararbeid, malerarbeid, transport og anna. Utallege dugnadstimar er gjennomført. Utan det lokale engasjementet, sponsing frå ulike verksemder og økonomiske tilskott frå fleire instansar hadde ikkje prosjektet lete seg realisera. DEN GRØNE FABRIKKEN har gjennom heile prosessen velvillig bidrege med lokaler for bruk til lager, møter, dugnadsarbeid og workshop. Covid-19 har forårsaka store forseinkingar i framdrifta.

Posted in <a href="http://elsekarin.no/category/kunst/" rel="category tag">________</a>