Snunad

Separatutstilling Snunad på SOFT galleri, 1. juni – 6. august 2023

Utstillinga Snunad er ein installasjon beståande av fleire skulpturelle arbeid i materiala gummislangar, ull og metall. Metallrammer dannar eit fundament for gummislangane som er snudd og vendt på, fylt med luft og strekt til tak og vegg. 
 
Ordet snunad kjem av det norrøne snúnaðr og betyr ei vending, omvelting, omskifte eller rørsle. Else Karin Tysse Bysheim undersøkjer forhold mellom industrielle materialar og naturmateriale. Her ligg både ein styrke og ein svakheit i materiala. 
 
Lufta i gummislangane er uforutsigbar. Innpust og utpust som i livet sjølv. Lufta som stoppa opp. Lufta kan holda seg på plass eller den kan lekka og det visuelle uttrykket forandrar seg. Ved bruk av desse materiala formidlast ulike kjensler. Det kan vera ro, uro, styrke, svakheit. Det som føregår i eins personlege, indre sinn til ei større, meir kollektiv kjensle blant menneska i verda.
 
Nokre av skulpturane har påteikna mønster. Bysheim ser på teikningane som beskyttande symbol. Etter reiser til Sør-Afrika og fisketurar i fjorden ser ho likskap i mønstra til leoparden og torsken. Desse inntrykka fabulera ho vidare på til det som no framstår som ein slags familie med sine ulike personlegdomar. Nokon med like mønster, men ikkje heilt like. Nokon oppblåste, nokon strekkjer seg til ytterpunkta. Nokon er stille, og nokon uttrykkjer heftige lydar. Nokon er urolege i si framferd, og nokon kjem seg ikkje av flekken. 
 
I sitt kunstnarskap tek Bysheim utgangspunkt i eige levd liv. Det som framkallar minner. 
 
Å arbeida med gummislangar og metall fører meg tilbake til metallbedrifta eg vaks opp i. Bardommens hage med metall, betong og lastebilar som kom og for. Og eit minne frå 3-års alderen, kjensla av redsle. Med far på jobb, svære dumpersa kjem kjørande mot oss, dei største hjula eg nokon gong har sett, verda stoppa opp, eg stoppa opp, pusten stoppa opp.

Utstillinga på SOFT galleri er støtta av KiN, Regionale prosjektmidler.
Posted in <a href="https://elsekarin.no/category/kunst/" rel="category tag">________</a>