Halsnøy Kloster 2022
Utstillinga mi er stedsspesifikk og har tittelen Metall Stein Ull Papir.
For meg er middelalderen den tida då både metall, stein og ull var livsnødvendige materialer og papiret såg dagens lys.
I tillegg har eg mi eiga historie med oppvekst i ei metall bedrift. Med denne bakgrunn set eg saman ei utstilling bestående av skulptur og installasjon.
Å jobba med eit materiale er min måte å vera i verden på
Eg arbeider i ulike medier, hovudsakleg med stedsspesifikke installasjonar, men har og vert innom performance, video og skulptur. I mitt arbeid er eg opptatt av mengder av materialer, anten det er metall, saueull, stein eller papir. Eg er på leit etter å uttrykka svakhet og styrke i det monumentale uttrykket, og fyller gjerne eit heilt lokale.
I mitt kunstnerskap tek eg utgangspunkt i eige levd liv, det som framkaller minner. Eg er opptatt av prosessen eit materiale gjennomgår frå sitt opprinnelege bruksområde til det nye uttrykket som oppstår. Det kan vera den intense lukta av nyklipt råull, hendene som blindt berører ulla for å oppdaga kvalitetane den innehar. Mjukt, hardt, stivt, glatt. Det eg kjenner bestemmer vegen vidare. Så er det tid for den varsame vaskeprosessen, den er som ein renselse.
Alle foto: Andy Mattern